Mellom desse nemner han ein person som sikkert skapte bølgjer og undring. «Her er meir enn Salomo» Salomo sin konge-tid var då ei glanstid i Israel. Ei fredstid på 40 år. Ein verdskjent by som folk frå andre kantar av verda kom får beundre. Eit tempel med overgjekk på alle måtar Serubabels tempel som folket no hadde å nytte seg av. Ein konge som «vart rikare og visare enn alle kongane på jorda.» (1. Kong., 10,23) Nei, her var uverkelege påstandar som måtte avvisast. La oss då sjå noko som Salomo stod bak, men som Kristus skulle overgå på alle måtar. Salomo skulle bygge eit tempel for Herren. Hans far David fekk ikkje løyve av Gud til å reise eit slikt byggverk, han hadde blod på hendene. Salomo sette i gang. Men også Gud gjennom sin son Jesus Kristus skulle også ein dag sette i verk sitt byggearbeid. Dette byggverket såg Jesus fram til.
Grunnarbeidet
Grunnarbeidet er viktig for eit byggverk. Dette tok Salomo på alvor. «Og kongen baud at dei skulle bryte store, kostsame steinar, så grunnmuren under huset kunne leggjast av hoggen stein.» (1. Kong. 5,17) Templet skulle ikkje berre byggast på ei «steinrøys» Nei, av hoggen stein, og dyre steinar!
Kva då med det byggverket som Gud kunne setje igong gjennom Sonen sin gjerning for ei fortapt menneskeslekt?
Også her var grunnarbeidet viktig og avgjerande for at huset skulle stå. Du finn det i Ef. 2, 19 flg. «Så er de då ikkje lenger framande og utlendingar, men de er medborgarar med dei heilage og Guds husfolk, bygde opp på grunnvollen til apostlane og profetane og hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv.» Dette skulle bli grunnarbeidet for den nye bygning, som skulle bli Guds menighet i Kristus. La oss understreke to ting her. Hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. All relegion, alt relegiøs tru, alle kyrkjesamfunn som ikkje er bygd på hjørnesteinen Jesus Kristus vil ein dag kollapse og falle saman som eit korthus. For det andre apostel - og profetgrunnvoll. Altså det gamle og nye evangelie. Vi merkar oss at Salomo sin grunnmur var av hoggen og tilpassa steinar. Det er også Guds byggverk i Kristus. Heile Bibelen er Guds ord inspirert av Guds Ande frå perm til perm.
Du møter av og til kristne som ikkje vil ha med GT å gjere. Det er berre ei lovbok med krigar og uhygge. Men Jesus forkynte og viste til GT. «Det er om meg han har skrive», seier han om Moses.
Vi merkar oss at Jesus frårådde og bygge huset på sandgrunn. Det er å bygge på ein «sundriven» Bibel.
«Etter den Guds nåde eg har fått, har eg lagt grunnvoll som ei vis byggmeister. - For ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som er lagt, det er Kristus Jesus» (1. Kor., 3,10 .- 11) Hjørnesteinen Kristus.
Byggearbeidet
Etter at grunnarbeidet var på plass sette Salomo igang byggearbeidet. Korleis gjorde han det? «Då huset vart reist, vart det bygd av heile steinar frå steinbrotet.» (1., Kong. 6,7) Her er det ikkje snakk om tilpassa steinar. Nei, frå steinbrotet og direkte inn i husveggen. Her er det ikkje snakk om tilpassing. Kva då med Guds byggverk? Korleis skulle Gud bygge på fundamentet, Kristus og Skrifta? Gud gjennom Peter har eit sterkt svar: «Kom til han, den levande steinen, som nok vart vraka av menneske, men er utvald og kosteleg for Gud, og vert sjølve oppbygde som levande steinar til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap ---» (1. Pet. 2,4-5).
Korleis bygge då Gud sitt hus i dag? Det skjer ved at menneske seie ja til Jesus, tek imot evangeliet, då blir syndaren løyst frå «verdens steinbrot» og som eit gjenfødd menneske blir eit lem i Guds hus.
Men der står meir i vers sju: «Ein høyrde korkje hamar eller øks eller noke slag reiskap av jern i huset då det vart bygt.» Tenk det! Ikkje noko forarbeid, ikkje noko tilpassing frå steinbrotet men direkte inn i husveggen.
Du kan av og til møte menneske som tenkjer som slik: Ja, eg vil også ein gong bli ein kristen, men først må eg forandre meg. Legge av ein del syndevaner, og oppføre meg meir som eit godt menneske. Dei vil for å nytte teksten, bruke hamar og øks for å få bort synlege kantar og merker på steinen. Då kan eg kome! Men nei! Då er du for seint ute. Gud frelse syndaren av blank nåde, utan noko forarbeid. Takk og lov for det!
Så er råbygget ferdig, men det forkynne også noko der det står. Det skape ein heilskap ei meining. Det gjer også Guds bygning.
Guds bygning – eit vitnemål
Kan du sjå for deg Salomos tempel der det stor ferdig. Ei grå bygning, kanskje litt gul dersom Jerusalem-steinen vart nytta, men lite spennende. Men ikkje mykje å bruke dei store og rosande ord om.
Er der då meir å løfte fram om Guds bygning – Menigheten? Verden ser nok på Guds hus som ei gråstein-bygning. Den ser stort sett livlaus ut. Men kva er Guds kjærlege openberring av hans hus – menigheten. Den er bygd opp av levande steinar til eit åndeleg hus, skriv Peter. Det er også Guds vilje at huset skal vere eit brev som kan vere eit vitnesbyrd for verden. «De er vårt brev, innskrive i hjarta våre, kjent og lese av alle menneske. For det ligg ope i dagen at de er Kristi brev, som har vorte til gjennom vår teneste» (2. Kor. 3, 2-3) Det er derfor vårt kall og vår oppgåve at den enkelte kristen må stå i eit slikt forhold til andre kristne at verda kan lese brevet. Tek du eit brev, riv det i småbiter og legg dei ut over bordet så er framleis heile brevet der, men det kan ikkje lesast. Må Guds velsigne sitt folk.
I Rom 12,1 kan vi lese følgjande: «Eg formaner dykk altså, brør, ved Guds miskunn , at det byd fram lekamen dykkar som eit levande og heilagt offer til Guds hugnad. Dette er dykkar åndelege gudsteneste.»
Tempelet si innreidning
Salomo kunne ikkje innreie templet etter sin tanke, han måtte følgje Guds forordning og vilje. Han hadde tilsagt sitt møte med folket i dette huset. Skulle han kunne møte folket måtte han ha eit grunnlag som han den rettferdige Gud kunne stå på. Kva skjer først under inn -redninga? Vi les 1. Kong. 6,15: «Inne kledde han veggene med sederbord. Frå golvet og heilt opp til loftsbjelkane kledde han huset innvendig med tre, og golvet kledde han med sypressbord.» Det var ikkje stein å sjå, står der i vers 18.
Når Gud skulle møte sitt folk i tempelet så ville han ikkje sjå gråstein, han ville berre sjå tre. Det forkynne for oss at for at den tre gonger heilage Gud skulle kunne ha samfunn med ein fortapt synder så måtte der tre mellom. Ein dag vart det etter Guds vilje reist eit trekors på Golgata. Her gav Guds son, Jesus Kristus, sitt liv for slekta si synd. Gud godtok oppgjeret på Golgata. Du har vel korset mellom deg og Gud? Då ser ikkje Gud «gråsteinen» i deg. Du er reinsa og gjort rein i lammets blod.
Men det skjedde meir under arbeidet i templet. «Og Salomo kledde huset innvendig med fint gull.» - «Og golvet i huset kledde han med gull.» vers 21 og 30. Her forkynne ordet for oss resultatet av Jesu korsdød.
Dei forskjellige metall i Bibelen har si betydning. Koppar er domsmetallet. Brennofferalteret (bilde på Jesu kors) var kledd i koppar. Folket skulle sjå opp på kopparormen i øydemarka. (eit bilde på korset). Sølv er betalingsmiddelet. Det var sølvpengar dei betalte for Josef då brørne hans selde han til Egypt. Det var sølv Judas fekk då han sveik Jesus.
Men kva då med gull? Når Bibelen skal gi uttrykk for det heilage, reine og guddomlege då kjem gullet fram. Alt- frå golv til tak var kledd i gull i Salomo sitt tempel. Når ein synder blir frelst, rensa i lammets blod, då ser Gud berre gull i dette menneske.
Øvstepresten Josva vart ein dag av Satan klaga inn for Gud. (Sak.3, 1 flg.) Men kva kom ut av dette: «Tak dei skitne kleda av han – og til han sjølv sa han: Sjå, eg tek misgjerninga di bort frå deg og kler deg i høgtidsklede.» Høgtidskleda frå Gud er hans gulldrakt som han kler syndaren i. Kristi rettferds-drakt. Du som trur på Jesus du høyre til Guds gullfolk.